Dyrehagen Hardanger
Vårens store familieframsyning med hip hop , folkemusikk, platåsko og hardingfele!
Dyrehagen Hardanger er eit fengande og leikent stykke om barn si evne til å skape nye stader og fablar. Det er fortalt med humor, hip hop, akrobatikk og folkemusikk.
Seks barn er samla på låven til Jon sin bestefar, for å leike dyrehage. Men alt går ikkje heilt etter planen til Jon og kameraten Helge. Eitt av dyra rømmer, og andre dyr skiftar ham og vert trylla om til andre dyr.
Og dei vaksne, dei forstår jo ingenting, dei berre øydelegg alt dei kjem bort i og trur at det er morosamt. Men Jon veit råd, han legg ut for å skaffa det han veit alle dyra likar best; men vil han lukkast med å redde Dyrehagen Hardanger?
Og kven bur eigentleg i denne dyrehagen?
Dyrehagen Hardanger vart utgjeve i 1993, og det er første gong nokon lagar teater av denne forteljinga av Jon Fosse.
Dyrehagen Hardanger
av Jon Fosse
Med: Erlend Hammer Hanssen, Kenneth Homstad, Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel Musikarar: Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Ivar Kolve og Jostein Stalheim
