Heimalanne
«Heimalanne'» er samansett av rutinerte musikarar med lang fartstid i ulike grupper. Forutan ein fast kjerne, vert gruppa ofte utvida med ein eller fleire musikarar, alt etter kva som høver i ulike samanhangar. Dei faste medlemane i «Heimalanne'» er: * Arne Bøe (vokal, gitar). * Dag Atle Håland (gitar, mandolin, vokal). * Skjalg Kaspersen (bass, vokal). * Gunnar Bergstrøm (trommer). * Bucky Aasheim (gitar, vokal).I tillegg til desse er mellom anna Inge Glambek (mandolin, banjo, gitar, vokal) Kjell Madsen (bass), Egil Skjelnes (steel guitar), Dag Wolf (steel guitar), Gunnar Bjelland (piano, orgel), Øystein Fosshagen (fele) og Yvonne Algrøy (vokal) tilknytt «Heimalanne'», både som studio- og konsertmusikarar.Det er i hovudsak Arne som skriv låtmaterialet til Heimalanne', men Bucky har og etterkvart ytt betydelige bidrag til gruppa sitt repertoar og til låtmateriale til CD-innspelingar.Arne skreiv sin første låt med norsk tekst i februar 1996 («No har solæ snudd»). Det var - for å sitera tidlegare bassist Kjell Madsen - «som å trekkja korken av ei vinflaske». Sidan har det vorte mange vinflasker og endå fleire songar. På debut-albumet «Heimalanne'», som kom ut i august 1999, vart gruppa sin musikalske bakgrunn og ståstad stadfesta - ikkje berre gjennom tekstane og musikken - men og i «manifestet» på omslaget - «Heimalanne' e' ein del tå da so e' mi sjel...».Heile historia om Heimalanne' vil verta lege ut etterkvart som ho vert ferdig - sjå lista under:
