Sjur Hjeltnes - Eit humorshow

9. Februar er det verdspremiere på Sjur Hjeltnes sitt musikalske humorshow i Logen Teater.

Sjur er pianist og humorist frå Voss. Frå dei ytterste skjær til kongen sitt slott har Sjur kome med sine underfundige betraktningar frå pianokrakken. Som kapellmeister har han spelt på scenar over heile landet, og i lag med komikarar som Anne Marit Jacobsen, Christine Hope, Ina Breivik og mange fleire. I 2003-2010 samarbeidde han med Nordic Tenors, og dei vann Komiprisen saman i 2006.

Sjur har over heile landet eit trufast publikum, som no får oppfylt ein draum: Sjur solo. Åleine med pianoet har Sjur laga eit show der han gjev livet sine store spørsmål ein musikalsk og humoristisk vri.